Om suntgrep

Camilla, 33år frå vestlandet. Mamma til 3 og starta Suntgrep i 2015. Eg er ei jenta som brenn for at du skal få oppleva kva eit bra kosthlad kan gjera for deg og dei rundt deg. Eg er utdanna Ernæringsterapeut og kostrettleiiar TMS. Har grunnmedisin frå HINT og nett sertifisert innen refleksologi/ NeuroMuscleWave terapeut som er ein triggerpunktbehandling.

Eg har erfart at mat kan vera negativt og vanskelig, men og at mat kan vera positivt og mykje glede. Eg har fått kjenna på kva eit bra kosthald kan gjera for helsa. Eg har alltid hatt ein kranglete mage og trudde da skulle vera sånn. Etter mykje sjukdom som bl.a kronisk bihulebetennelse og infeksjoner begynte eg å fokusera på fordøyelse, næringsrik mat og eit blodsukker vennleg kosthald. Eg fekk ein glad mage, og ei tarmhelsa som fungerer. Eg fekk energi i kvardagen min, ein psyke som virka og eit naturleg forhold til kropp og mat.

Som ernæringsterapeut jobbar eg ut ifrå analyser og tester og gjev råd om korleis ein bør endra kosthaldet, og kva kosttilskudd som vil vera fornuftig i kvar enkelt situasjon. 
Som terapeut tek eg og utgangspunkt i at sjukdom ofta er ein ubalanse i kroppen på grunn av feil kosthald, lite næringsrik mat og ein livsstil som er veldig belastende i form av stress/påkjenningar. 

Utgangspunktet mitt er at eit riktig kosthald og ein fornuftig livsstil vil kunna vera med å forebygge sjukdom og bidra til ei god fysisk og psykisk helse gjennom heile livet. 

Eg er ikkje fanatisk og tenker at me må «leva» Eg rope bl.a hurra for dessert og syns me skal kosa oss. Alt handler om balanse. Det gjeld å finna sin eigen veg og det som fungerer for kvar enkelt, fyrst då får du ein kropp i balanse

Hos meg vil du ikkje få i oppgava å tella kalorier eller ha fokus på ein diett, men ein varig livsstilsendring. Bit for bit ynskjer eg at du skal finna din eigen veg og eit kosthald som passa for deg. Me er alle forskjellige innvendig og utvendig, og maten me et påvirker oss ulikt. Det krev tolmod, prøving og feiling, men eg veit at det går ann.
Ein vane skal bli til ein rutine, og ein rutine skal bli til ein livsstil.

Adresse:
Hardangerfjordvegen 656
5610 Øystese