Melkefri is i sommarvarmen

Melkefri is i sommarvarmen

Da har vore ein herleg mai måned og i helge er da igjen meldt varmt og fint 🙂 Eg er egentlig ingen is person, men veit du kva? Da er ungane mine! og jammen har eg og blitt glad i is etter eg begynte å laga denna varianten.
Eg var mildt sagt i ekstase når eg igjen kunne eta fløyteis uten å få trøbbel med mage eller svingande blodsukker som gjev meg dårleg humør 🙂

Du treng:
1 boks med økologisk kokosmelk
Kokossukker
Vaniljepulver
Egg
Mørk sjokolade og kokos til trekk

Rør inn to eggeplommer i ein boks med kokosmelk og tilsett 1ts vaniljepulver og søtning som du ynskjer. Eg liker ikkje at isen blir veldig søt så eg smaker meg litt fram.
Hell isen over i isformer og frys ned.

Smelte mørk sjokolade ( Änglamark sin fra Coop er min favoritt ) i vannbad og hell over ispinnene og pynt med kokos. Legg på eit fat/ei skål i frysen og nyt digg is i varmen.

PS! Denne er litt tidkrevjande men eg vil påstå at det er verdt arbeidet 😉

 

God helg <3

 

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*