Ein hemmelighet om surdeig til deg

Ein hemmelighet om surdeig til deg <3

Eg lokka med ein hemmelighet i dag på instagram. Surdeig har vore litt av eit prosjekt for meg.
Eg har virkelig hatt lyst å få det til, men har feila og feila…
Eg har fått surdeig av Gry Hammer to gonger?! og klart å drepa den før den blei husvarm. Kanskje eg har hatt surdeigsangst?

Uansett, no trur eg at eg har løyst hemmeligheten. Eg har så mangen kjekke følgera og ein av dei er Trine 🙂
Ho sendte meg ein starter i posten basert på rug og den skal matast med rug kvar tirsdag. Dette har eg holdt meg til og jammen har eg ikje fått dreisen på den! I tillegg gjeld det å bruke treredskap og ingen stål. Naturlig omsorg <3

Eg har bakt perfekte surdeigsbrød ( iallfall syns eg da ) og eg har mata den opp og fått fres i den når eg har trengt ein bobblande lykkelig surdeig i maten min. I dag tidleg hadde me eltefritt grytebrød og middagen var spennande surdeigspizza. Resten av surdeigen er satt i kjøleskapet og skal fram igjen ut i veka. Nok karbo på meg i dag kjenner eg 😀 Men sååååååå digg å få til!

 

Oppskrift på eltefritt surdeigsbrød

500 gr spelt / mel
4 dl vatn 
1-2 ss surdeigstarter
Litt havsalt 

Bland alt til ein klissete deig og sett til heving natta over med eit vridd vått kjøkkenhåndkle over bollen. ( for å unngå skorpe) 
Varm opp gryte i kald ovn til 250´c. Tilsett til olivenolje og deigen ( ikkje kna den) 
Steik med lokk i 30 min – Steik så videre i 15 min på 230´c uten lokk. 

Frokost lykke som gav meg nok energi til å vaske alle vindu i huset idag og frå no kan sola berre skinne 😉 

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*