Sjokoladehjerter med kokoskrem

Sjokoladehjerter med kokoskrem

Eg er ein skikkelig godtgris og må alltid ha noko godt på lur. Livet er for kort til å kun ete snop om lørdagen! 😉

Desse hjertene er lagd av råsjokolade og kokosmelk.
Eg blei sponsa med mange gode produkter før jul og kan anbefala desse på da varmaste. Ikkje berre smaker dei fantastisk, men det er råvarer av høg kvalitet i tillegg til at produksjonen står for mange kjempe gode kvaliteter som arbeidsforholda til dei som jobber på plantasjene t.d.

Produktene får du kjøpt her

Det tar ikkje veldig lang tid å lage og dei smaker superdigg til kaffien, som topping på smoothie eller berre som litt ekstra boost mellom måltidene.

Smelt kakaobønner og kakaosmør i vannbad og hell dette i former så det dekke bunnen. Set i fryseren mens du lager kokosfyll.

Eg lagde fyllet av 1/2 boks kokosmelk, 2 ts vaniljepulver og litt kokossukker. 

Ta formen ut av fryseren og fyll hjertene nesten opp med kokosblandingen og set tilbake i fryseren i 20 min. 

Ta formen ut igjen og hell sjokolade over og set tilbake i fryseren. Gjerne natta over. 

Eg oppbevarer mine i ein tett boks i fryseren og tar ut 1 hjerte eller to rett før eg skal eta.

No er eg virkelig klar for ei ny og kjempe hektisk veka med masse ferdig mat som styrker meg.

<3 til deg 🙂

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*