Heimelaga leverpostei

Heimelaga leverpostei

Leverpostei hadde eg faktisk ikkje trudd at eg kom til å laga. Eg brenn for at sunt skal vera enkelt og ikkje minst kjapt for at da skal vera overkommelig i ein travel kvardag. Leverpostei virka nettopp litt uoverkommelig for meg, men når eg fann oppskrift som tek meg omtrent samme tid som å blanda ein smoothie fekk eg inspirasjon til å testa

Eg hadde fryst storefe lever som eg tok opp og tinte i kjøleskapet, kjøpt på MENY.

Oppskrifta er enkel og eg henta inspo frå http://naturligliv.no

600gr lever
1 gul løk
1 rødløk
1 økologisk egg
300gr Tine smør
1 ts allehånde
1 ts Nellik
1-2 fingerknippe med havsalt
1 ts pepper

Fres løk og rødløk i ei gryte med 2 ss smør. Tilsett dette i ein blender sammen med egg, krydder og oppkutta lever i biter. (skjær vekk hinner o.l)
Bland/mos alt sammen og hell det over i ein smurt brødform.
Hos eg blei det ein del røre til overs som eg putta i ein boks og fraus ned. Då kan eg enkelt ta opp deig frå frysen når me treng og steika den.

Steik nederst i ovnen i vannbad på 175´c i ca 60 min.
Vannbad er ei langpanne med rikelig vatn også setter du brødformen oppi denne inne i ovnen.

Lever er supermat!!

 

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*