Eplekaka med supergod samvittighet

Eplekaka med supergod samvittighet

Eg har hatt nokon heilt fantastiske daga på Maurseth og ville egentlig ikkje heim idag. Uansett, borte bra men heime best. Eg hadde litt abstinens etter mange dager vekke frå kjøkkenet mitt og før eg visste da sjølv hadde eg plutselig ei eplekaka i ovnen mens eg lagde middag, prøvde få oversikt i kaoset av ull, skitne klær og bagger og allerede hadde vaska to maskiner. Da må ha vore noko i fjellufta! Energi 🙂

Eg blanda sammen alle ingredienser til ei passelig klissete røre.

2 egg
1 ss smør
150-160gr teffmjøl / bokhvete
2 ts bakepulver
2ts kanel
Ein god slump med yaconsirup

Eg brukte liten kakeform og eit STORT eple 🙂
Steik på 160´c i ca 25 min – midt i ovnen

Eg utfordra deg til å laga av det du har tilgjengelig. Ha basisvarene på plass for å få «kake» konsistens. (Egg, bakepulver og mjøl) Har du ikkje eple så bruk gulrot. Har du spelt og hvetemel så velg spelt som er litt sunnare. Har du ikkje ceylon kanel, bruk mindre vanleg kanel. Har du brunt og kvitt sukker, bruk brunt. «Sunnifiser» kaka på din måte og gjer det beste ut av det du har 🙂

 

img_8827

Fordelen med å bruke glutenfritt teff/bokhvete er at du unngår blodsukkerstigningen du får av vanlig mjøl, og du kan unngå trøbblete fordøyelse. Bruk eit smart alternativ til kvitt sukker og ceylon kanel som kan virke gunstig på blodsukkeret.

Det aller beste er at du får tak i alt sammen på Coopén eller din dagligvare butikk.

Sjekk ut allergihylla for å finne mjøl, sjå etter økologisk kanel og i bakehylla finn du yaconsirupen.

Lykke til 🙂

PS! Eg blir superglad om du tar bildet og reposter og tagger meg med dine bakverk.

 

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*