Lyst på eit sunt grep? Test kikerter og pannekaker

Lyst på eit sunt grep? Test kikerter og pannekaker

Kikerter er naturlig glutenfritt og lavkarbo. Det er proteinrikt og rikt på jern, mangan, magnesium. Kikerter er og kjent for å vera kolesterolsenkande og saman med ei høgt innhald av folat kan det vera med å forbygga hjertesjudom. I tillegg har dei eit høgt innhald av vannløyselig fiber som gjer at det er prebiotisk og tilfører tarmen din gode magebakterier

 

image

Kikertepannekaker har vore min favoritt lenge og er eit kvardagslig triks eg deler med alle som kjem til konsultasjon hos meg. Eg kjøpe kikertemel på innvandrerbutikk og får 2 kg for 45kr! På helsekostbutikk får du 1/2kg for samme pris om ikkje meir..

Pannekakerøra blander du 50/50 med mel og vatn og røra held seg 5-6 dager i kjøleskap. Då er da super enkelt å steika seg ei pannekake når du er sulten.

image

PS! Den må steikast litt lengre enn vanleg pannekaker

Eg blander alltid gurkemeie og litt kvitløk i pannekakerøra. Dei er betennelsedempande og fine å bruka i kvardagen for vonde ledd, betente musklar, irritabel tarm, dårleg fordøyelse m.m. Ei pannekaker dekker ca 80% av kroppens behov for mangan som er viktig for kroppens eige antioksidant system.

Detta er supermat og om du vil ta eit suntgrep dei neste vekene så inkluder dette i kosthaldet!! Bruk pannekaker i matpakken som wrap, til tacoen, som kjøttfri middag med favoritt fyllet, og rist deg kikerter og ha i salaten eller som snacks på kvelden.

One Comment

  1. Pingback: Kikertepizza

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*