Polarbrød for små og store

Polarbrød for små og store

Polarbrød er poppis hos oss og desse er akkurat passelig fin størrelse til å ha i matboksen. Oppskrifta og framgangsmåte har eg fått av besto til Harald også har eg «sunnifisert» dei

No tok eg sjølvsagt ikkje bildet når eg baka dei igår. Eg hadde ein slapp bihuledag igår og hadde ikkje ork. Desse bihulene trøbbla med meg stadig, men iforhold til før så er eg jo mykje betre! For nokon år sidan kunne eg bli liggande i ei veka, mens no er eg fullt oppe å går, men på halv maskin…

Eg laga litt på slump, og da er sikkert til frustrasjon, så eg skal prøva å forklara korleis deko kan baka litt på slump deko og. Då blir da faktisk mykje enklare å smella sammen noko kjapt då. Å bli god på kjøkkenet krev ikkje berre gode oppskrifter og øving, men og å vera modig og tørra prøva.
Eg har prøvd og feila ganske mykje!;)

Eg fekk ca 25 polarbrød og blanda sammen:

Havregryn
Melk (eg brukte rismelk)
Gjær
Litt salt
Surdeigspulver (kan sløyfast)
Mjøl (eg blanda teff mjøl og økologisk hvetemel)

Eg blanda ca halve bakebollen med havregryn og tilsatte melk så det blei til ei klissette røre.
Blanda inn ei klype havsaltsalt, 1 pk tørrgjær, 1ss surdeigspulver og hadde oppi mjøl til eg fekk ein tørr, men litt klisette deig. Berre ta litt og litt mjøl oppi så ser du at da blir ein deig.
Eit tips er at jo meir klissette deigen er, jo meir luftig bakst får du.
Den må sjølvsagt ikkje vera så klissette at du ikkje kan baka den ut.

image
Jyttemel er glutenfritt mel som oppfører som vanleg hvetemel

 

image

Surdeigspulver frå det glutenfrie verkstad er eit super supplement å ha i bakverk. Då tilføre du enzymer som hjelper fordøyelsen og du får saftigare brød. Selges bl.a på SPAR og Meny

La deigen heva mens du vasker opp, eller drikk kaffi og
kjevl den ut som ein tjukk pizzadeig og bruk eit stort krus til å stikka ut polarbrød som om du baker pepperkaker 🙂

Legg dei på bakebrett og steik ca 10 minutt på 200´c

Del gjerne da deko lage med meg på instagram. #suntgrep

 

Ha ein fin onsdag!:)

 

 

 

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*