Snop for tarmen

Snop for tarmen

Heilt sidan påske har eg  hatt dilla på heimelaga smågodt. Eg er stor fan av kraft og gelatin og har merka stor helsemessig gevinst av å inkludera detta i kosthaldet mitt.

Gelatin er bra for hud, hår og negler. Naturens anti-aging middel og den reparerer tarmen så slimhinnene kan gro om du har lekk tarm/intoleranser. 
Eg tåler mykje meir no enn tidligare og kan unna meg «normal» mat i mykje større grad enn for eit år sidan.

Eg bruker denne frå iherb då da er ganske dyrt å kjøpa gelatin på butikken. I tillegg er denne kosher og ein «rein» og bra kilde til protein!

image

Kjøp her http://no.iherb.com/Great-Lakes-Gelatin-Co-Beef-Hide-Gelatin-Collagen-Joint-Care-Unflavored-16-oz-454-g/52775

 

Oppskrifta er veldig enkel og du lage detta på fem minutter 🙂

Du treng:

2 dl saft fra pressa frukt eller konsentrat
4 ss kollagen
Søtning om du vil

Bland alt i ein kjele og smak til med søtning. Varm opp til gelatinen er blanda ut og det ikkje er klumper igjen. Rør forsiktig så det ikkje skummer kvitt. Hell over i silikon former og set kjølig nokon timer.

imageEg bruker desse frå søstrene grene

imageOg desse som eg har kjøpt billig på ebay

Stor smil 😀

2 Comments

  1. Nice!? Skal testes med tantegullene ?

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*