Mat og økonomi…

Mat og økonomi…

Eg har i lang testa ut eit ekspriment som eg gjerne vil dela med deko. Me har brukt unødvendig mykje penga på mat, fordi sunn mat ofte er dyrare, men og fordi eg ikkje har planlagt alle måltid i detalj.
No planlegg eg ikkje kva eg skal eta til lunsj på onsdag, men eg har ein viss peiling på kva eg skal denne veka og då er da mykje enklare å planlegga. Lunsjen er ofte dei måltida som er størst utfordring fordi me er ute av heimen.

Du vrir deg kanskje når du tenkjer på planelgging, og ja, planlegging er egentlig ganske kjedelig men, det er ganske kjedelig å sløsa vekk penga og.

Når eg planlegge laga eg meg ein oversikt over kva eg har fra før og kva eg treng i løpet av den neste veka. I tillegg lage eg meg ein oversikt over kva eg treng av tannkrem, vaskepulver etc. Da tek meg 10-15 min å få ein oversikt også slepp eg unødvendige turer på butikken.

Me har i fleire måneder handla stort sett kun mandagen, og har ikkje vore å handla igjen før mandagen etter. Grunnen til at me handla mandag og ikkje før helg er enkelt og greitt økonomi og at det går langt mindre penger når me ikkje handler rett før helg. Me er sjølvsagt innom lørdagen så ungane får kjøpa seg noko lørdagsgodt og me kjøpe oss og noko godt om da frista, men eg er meir tilhenger av å eta noko godt i løpet av veka og når/viss eg har lyst på. Ikkje berre fordi da er lørdag…

Me har eit budsjett på 1200 – 1500kr pr veke i mat og dette er inkludert alt. Heldigvis røyker eller snuser ingen av oss så der spare me mykje penger.
Eg er veldig glad i å testa nye produkt og eksprimentera, så med å vera bevisst og ha ein plan treng sunt absolutt ikkje vera dyrt.

Mine tips til å leva enkelt, sunt og billig er:

  • Ha basisvarer på lur som havre, egg, melk/kokosmelk, nøtter, kakao, søtning, av detta kan du laga så mykje godt!
    Havrebrød som du finn oppskrift på her http://www.suntgrep.no/2016/05/31/havrebrod-i-ein-fei/
    Havregraut med nøtter og egg er supermat til frokost og du sparer pålegg, eller du lage pannekaker med rørte bær http://www.suntgrep.no/2016/07/30/ferskt-syltetoy-uten-sukker-ja-takk/
  • Makrellfilet er super digg å finna når du søndagen har gått tom for pålegg. Like du ikkje makrell så begynna å lik den. Supermat på boks 🙂
  • 1-2-3 brød koster ca 25kr og du får to brød pr pakke. Eg tilsett surdeigspulver for enzymer og næring og brødet bakes mens meg og mannen ser «orange is the new black»
  • Frosne bær er mykje billigare enn ferske og smart å ha på lur til smoothie, syltetøy, på havregryn eller ilag med nøtter og melk.
  • Planlegg middag over fleire dager så sparer du tid og penga. Ha f.eks søtpotetmos og kalkun til middag ein dag, også lager du søtpotetsuppe av restane til middagen dager derpå.
  • Lag ekstra porsjon med middag så tek du restane med i lunsjboksen dagen etter. Da tok lang tid før eg blei vant med å rester til lunsj, men no elska eg den type mat og eg føle meg mykje meir tilfreds og mettare enn berre knekkebrød med pålegg.
  • Smør er basis til smak, næring og supert for blodsukkeret ditt.

 

Me har snakka mykje med ungane om mat og sløsing og dei har blitt kjempe flinke til å vera fornuftige. Dei veit at viss me går tom for melk så må dei drikka vatn, så dei tek t.d oppi 1/2 glas om gongen. I tillegg er dei med å laga maten og då er da enklare å eta den. Da er veldig morro å sjå at noko me serverte for 1 år som då var krise, no er «favoritten» deira. Me har belønningsmåltid i løpet av veka og viss me har lyst på noko heilt anna ein dag så går da altså ann å skeia ut. Me har ein uskreven regel i huset vårt på at fisk til middag = is til dessert. No er faktisk laks favorittmaten hos ungane så fisk er ikkje noko problem å få i dei, men grønnsaker er bobb bobb. Me har tre heilt ulike unger, men alt i alt syns eg dei ete godt nok 😉

Eg syns heile prosjektet er vinn-vinn. Me spare penga og ungane ete overkommelig sunt. Dei får ta del og dermed er da enklare å få dei til å eta maten.
Me bestemme kva dei skal eta, og dei bestemme stort sett kor mykje dei skal eta.

Dagens innkjøp for denne veka

image

image

Banan er supert som søtning i da aller mesta. Perfekt på knekkebrød, og når dei blir brune så kutte du dei opp og fryse dei ned til smoothie etc.

image

Frukt og grønt er eit «must» for oss og blir brukt som mellommåltid, til å gjera måltida meir fargerike og glade, for næringen sin del og for at ungane elska å få oppkutta frukt når dei ser tv eller slappe av med ipad

image

Desse er min favoritt. Aller helst skulle da vore økologisk laks, men da finn eg ikkje så ofta. Eg ovnsbake alle sammen også blir restane lunsj/kvelds utover veka ( om da blir noko igjen )

image

Smør er eit must og då bruke me desse i tillegg til avokado. Avokado inneheld halvparten av kaloriane, men er proppfullt av da sunna fett. ( Så lærte du da )

image

Denne veka kjøpte me first price egg. Dei skulle og aller helst vore økologisk, men eg variera. Da går masse egg hos oss, og denne veka har eg planlagt baking og då syns eg desse er ok å bruka. Viss eg skal ha kokt egg eller eggerøre syns eg egg fra frittgående er best.

image

image

Eit lite lager med frosen bær er smart å ha på lur om du blir fysen på noko godt. Lag smoothie, pisk kokoskrem til eller lag deg syltetøy

image

Eg kjøpte økologiske kaffibønner i dag og er spent på å smaka denna typen her.

imageimage

Dessert denne veka er sikra med heimelaga kokosis med nøtter og knallgod smoothie is fra Diplom is

image

Me har ein finurlig melkesammensetning i Seim familien. To som ikkje tåler melk, ein som ikkje tåler laktose og 2 som tåler absolutt alt!

image

Desse er magiske med chiafrø og salt og har vore ein cravings hos meg og mannen dei siste vekene. Så god med most avokado, tomat og krydder eller heimelaga nugatti

image

Ny porsjon med nugatti står på menyen. Ei stund sidan eg lagde den sist.

image

Snop til veka eller om nokon stikk innom på kaffibesøk 😉 Eg må alltid ha noko på lur om eg får besøk og då syns eg desse kokosbollane frå Grethe Roede er supre eller Orange cookies frå first price. Dei er virkelig ikkje sunn, men melkefri og passa oss fint 🙂

image

Chai te med mandelmelk er magisk om kvelden! Bør prøvast! Earl Grey er Tobias sin favoritt

image

Desse er ikkje økonomisk, men veldig sunne og veldig gode!

 

Håpa detta gav deg inspirasjon enten om du vil vera sunn, økonomisk eller begge deler!

 

Sunn mandagshelsing frå Camilla

 

 

4 Comments

  1. May-Britt

    Du er fantastisk flink, Camilla!

    • So kjekt å lesa på tampen av kvelden May Britt!:) Detta er min fyrste innlegg, så eg er då spent på om da blir negativ feedback. No blei eg veldig glad 🙂 tusen takk!

  2. Her fikk jeg masse tips, takk skal du ha ?. Har en uvane at jeg handler hver dag og sløser bort masse penger på tull og tøys egentlig – spesielt lunsj! Skal teste ut å handle på mandager – spent på om jeg får det til å fungere, men er uansett verdt et forsøk. Her er det også lactoseintoleranse så chai te med mandelmelk høres spennende ut ???

    • Så bra du plukka med deg eit tips eller to. Du spare veldig mykje på planlegging og for min del har da og gått litt sport i da, så da er ekstra morro når da fungerer.
      Eit tips til er å sjekka ut forskjell på butikker. Me handla på spar og sprakk med 700kr.
      Handler vanlegvis på
      Coop extra 🙂
      Lykke til 🙂

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*